«Forliksrådsfella» for entreprenørar er historie etter ny dom frå Høgsterett

Høgsterett avsa nyleg ein dom (HR-2023-766) om kva entreprenøren må gjere for å overhalde fristen på åtte månadar for å ta «nødvendige skritt for å iverksette ordinær rettergang» i NS 8407 punkt 35.2 bokstav b.

Domen klargjer at dette er ein frist om forelding. Dette inneber at det ikkje er nok for å avbryte fristen at entreprenøren tek ut forliksklage innan fristen på åtte månadar, dersom forliksrådet seinare innstiller saka. Etter tvistelova § 18-3 andre ledd har entreprenøren ved innstilling frå forliksrådet eitt år på seg til å ta ut stemning. I motsetnad til det lagmannsretten la til grunn, er det derimot ikkje den korte tremånadarsfristen i tvisteloven § 18-3 tredje ledd, også omtalt som “forliksrådsfella”, som gjeld. Entreprenørar og advokatar som ikkje har praktisert tremånadarsfristen vil derfor no kunne puste letta ut.

Problemstillinga

Dersom entreprenøren får avslag frå byggherren på krav om endring, tilleggsvederlag eller fristlenging, må han etter NS 8407 punkt 35.2 gjere visse handlingar for ikkje å tape kravet. Det fyrste alternativet er at han krev spørsmålet avgjort av ein oppmann før overtaking etter bokstav a, og eventuelt bringe avgjerda inn for retten innan fristen i punkt 50.3 dersom han ikkje er samd i henne. Det andre alternativet er at han tar ” de nødvendige skritt for å iverksette ordinære rettergang” innan åtte månadar frå overtaking etter bokstav b.

Temaet for Høgsterett var tolkinga av bokstav b. I entreprisesaker, som gjerne er omfattande, blir forliksklager nesten utan unntak innstilt i forliksrådet. Det har vore diskutert i bransjen om det er krav til at entreprenøren må følgje opp den innstilte forliksklaga med ei stemning for å overhalde fristen i standardkontrakten.

Punkt 35.2 kan for det fyrste tolkast slik at kravet til å “iverksette ordinær rettergang” er oppfylt i og med forliksklaga – uavhengig av om ho etterpå blir innstilt i forliksrådet. Då er det berre den alminnelege foreldingsfristen på tre år som gjeld for når entreprenøren må ta ut stemning for å berge kravet, etter at åttemånadarsfristen etter kontrakten er avbroten.

Punkt 35.2 b kan for det andre tolkast slik at tvistelova § 18-3 regulerer når det er krav om å gå vidare med stemning etter innstillinga. I så fall er det spørsmål om kva frist som gjeld. Er fristen i føresegna å rekne som ein “foreldingsfrist”, er fristen for stemning eitt år etter innstilling, jf. andre ledd. Er føresegna derimot ein  søksmålsfrist som fell inn under § 18-3 første ledd, er fristen for stemning tre månadar etter entreprenøren fekk forkynt innstillinga.

I orskurda HR-2013-2179 tolka Høgsterett fristen for å ta ut søksmål i dåverande arvelov § 19 andre ledd slik at den var omfatta av tremånadarsfristen i 18-3 tredje ledd. Somme har frykta at fristen i entreprisestandardane skal tolkast på same vis.

Vurderinga til Høgsterett

Saka gjaldt ein sluttoppgjerstvist mellom KF entreprenør AS og Oslo kommune etter rehabilitering av Grønland barnehage. Gjennom prosjektet hadde KF gjort gjeldande krav om fristforlenging og vederlagsjustering, som kommunen hadde avslått. Etter overtaking hadde KF tatt ut forliksklage for krava sine innan fristen i NS 8407. Då forliksrådet innstilte saka, venta KF om lag seks månadar med å ta ut stemning. Kva tidsfrist som eventuelt gjaldt for vidare oppfølging, var avgjerande for om krava til KF var i behald.

KF hevda at krava i punkt 35.2 bokstav b er oppfylt så lenge forliksklage er tatt ut innan fristen, og at det ikkje er krav om vidare oppfølging. Alternativt hevda KF at fristen er ein foreldingsfrist, slik at eittårsfristen for å ta ut stemning i tvistelova § 18-3 andre ledd gjeld. Oslo kommune meinte at tremånadarsfristen i tvistelova § 18-3 tredje ledd gjaldt, og at krava til KF var tapt.

Lagmannsretten var samd med kommunen: Dersom forliksrådet innstiller saka utan å avgjere krava, gjeld tvistelova § 18-3 tredje ledd. Entreprenøren må då ta ut stemning i løpet av tre månadar og krava til KF var dermed tapt.

Høgsterett kom samrøystes til eit anna resultat enn lagmannsretten.

Heller ikkje Høgsterett var samd med KF i at det er nok å ta ut forliksklage innan fristen i kontrakten dersom saka vert innstilt. Det ville vere å legge for mykje i ordlyden “iverksette” i kontrakten. Ordlyden var likevel ikkje eintydig. Høgsterett viste deretter til føremålet med føresegna, som mellom anna er å få avklart og avgjort tvistar med ei viss framdrift. Dette tilsa at det ikkje er nok å sende ei forliksklage dersom saka vert innstilt. Konklusjonen til Høgsterett var at det ikkje er nok å sende forliksklage.

Spørsmålet var deretter kva krav som gjeld for den vidare oppfølginga.

Høgsterett starta med ei generell vurdering av tvistelova § 18-3 andre ledd. Denne føresegna gjeld etter Høgsterett sitt syn for alle lovbestemte og avtalte fristar om forelding, og ikkje berre for fristar i foreldingslova. Høgsterett slår vidare fast at føresegna berre gjeld for foreldingsfristar og ikkje søksmålsfristar. Til slutt nemner Høgsterett at det etter foreldingslova § 28 berre kan avtalast kortare foreldingsfristar enn fristane i lova. Kommunen hevda at punkt 35.2 bokstav b ikkje nødvendigvis innebar ein kortare frist, sidan eit krav kunne vere forelda før denne fristen startar å laupe. Sidan partane ikkje hadde hevda at det var tilfellet i den konkrete saka, såg ikkje Høgsterett grunn til å gå inn på dette.

Deretter vurderte Høgsterett om punkt 35.2 bokstav b er ein materiell foreldingsfrist. Høgsterett la stor vekt på ordlyden i kontrakten, som seier at entreprenøren “taper” kravet ved overskriding av fristen. Dette meinte Høgsterett var ein klassisk materiell foreldingsverknad. Det kunne då ikkje vere avgjerande at ordet “foreldelse” ikkje var brukt i kontrakten. Vidare peika Høgsterett på at den gamle tvistemålslova § 66 hadde ein eittårsfrist, som var gjeldande for den gamle utgåva av standardkontrakten. Tvistemålslova § 66 vart erstatta med ei ny regulering i tvistelova § 18-3, men det var ikkje haldepunkt for at dei som forhandla NS 8407 hadde tatt høgde for fristendringa i tvistelova. Høgsterett viste også til ei kommentarutgåve til NS 8407, der det er lagt til grunn at fristen i punkt 35.2 er ein foreldingsfrist.

Endeleg gjennomgjekk Høgsterett konkrete innvendingar frå kommunen mot at føresegna kunne tolkast som ein foreldingsfrist. Dette gjekk mellom anna på at kontrakten har fleire preklusive varslingsfristar som klart nok ikkje er foreldingsfristar. Høgsterett meinte at dette ikkje ga rettleiing for tolkingsspørsmålet i saka. Kommunen viste også til at punkt 35.2 også gjeld for krav om fristforlenging, og at slike krav ikkje er gjenstand for forelding. Høgsterett var ikkje samd i dette: Krav om fristforlenging må sjåast som eit motkrav i form av eit kronefrådrag i dagmulktskravet til byggherren. Dermed er også eit krav om fristlenging eit pengekrav.

Høgsterett konkluderer med at punkt 35.2 bokstav b inneheld ein foreldingsfrist, som er omfatta av tvistelova § 18-3 andre ledd. Sidan tvistelova § 18-3 tredje ledd er negativt avgrensa i høve til andre ledd, gjeld ikkje fristen på tre månadar.

Sidan KF hadde inngitt stemning innan fristen i tvistelova § 18-3 andre ledd, var krava i behald. Dermed var det ikkje grunn for Høgsterett til å vurdere om entreprenøren kan bruke forelda eller tapte krav til motrekning, slik KF gjorde subsidiært gjeldande.

Refleksjonar rundt domen

Høgsterett gir ei kjærkomen avklaring for kva krav det er til å overhalde fristen i NS 8407 punkt 35.2 bokstav b. Om forliksrådet innstiller ei forliksklage frå entreprenøren, må han ta ut stemning innan eitt år etter tvistelova § 18-3 andre ledd. Etter vårt syn er det gledelig at Høgsterett ikkje let domen frå lagmannsretten bli ståande. I praksis er det langt enklare for entreprenørar å halde seg til eittårsfristen i tvistelova § 18-3 andre ledd, som er relativt kjend, enn den knappe tremånadarsfristen i tredje ledd.

Når det er sagt, kan ein likevel stille enkelte spørsmål ved Høgsterett sine resonnement.

Etter vårt syn er rettskjeldegrunnlaget for i det heile å stille krav til oppfølging av ei innstilt forliksklage noko tynt. Om det skal setjast ein frist for å ta ut søksmål og korleis denne fristen skal brytast, kan partane fritt fastsetje. Ordlyden “iverksette” i standardkontrakten peikar på at ordinær rettargang må initierast, men det ligg ikkje i sjølve ordet at prosessen også må fullførast. Om det var meininga, ville dette kunne ha vore presisert. Når rettsverknaden for ikkje å overhalde fristen er rettstap, bør det vere klare haldepunkt i ordlyden for å innfortolke så strenge krav. Vidare overdriv Høgsterett betydinga av formålet til fristen, nemleg at tvisten skal avklarast og avgjerast med ei viss framdrift. Dersom entreprenøren ikkje vil tape krava sine, vil nemleg dei alminnelege foreldingsfristane uansett “tvinge” han til å ta ut stemning. For dei fleste krav vil foreldingsfristane normalt starte å laupe før overtaking og dermed før fristen i punkt 35.2 startar (HR-2013-2382-A).

Høgsterett si vurdering av at punkt 35.2 bokstav b er ein foreldingsfrist er heller ikkje heilt overtydande. Etter foreldingslova § 28 kan ein ikkje avtale lengre fristar enn i lova. Om krava frå entreprenøren er – eller er i ferd med å verte – forelda etter lova, vil punkt 35.2 innebere ei ulovleg forlenging av fristen. I slike høve vil ikkje denne avtalte “foreldingsfristen” ha verknad, noko som kanskje kan tale mot at fristen er meint å regulere forelding. Høgsterett valde å ikkje drøfte dette, då fristen ikkje var gått ut i denne konkrete saka. Den konkrete situasjonen bør likevel ikkje ha tyding for tolkinga av det generelle innhaldet i føresegna. Vidare er det vanskeleg å følge Høgsterett på at krav om fristforlenging kan bli forelda. Det er “fordring på penger eller andre ytelser” som er gjenstand for forelding etter foreldingslova § 1. Fristlenging kan vanskeleg seiast å vere noko av delane. At fristlenging i praksis blir brukt defensivt av entreprenøren for å sleppe dagmulkt, endrar neppe kravet sin natur. Etter vårt syn legg Høgsterett litt vel mykje på strekk for å kunne konkludere med at punkt 35.2 er en foreldingsfrist.

Når konklusjonen til Høgsterett er at punkt 35.2 er ein foreldingsfrist, kan det etter vårt syn argumenterast for at entreprenøren vil ha motrekningsrett i byggherrens krav i tråd med foreldingslova § 26, sjølv om eigne krav er “forelda” etter punkt 35.2 bokstav b. Dette tek likevel ikkje Høgsterett stilling til og det er såleis ikkje avklart.

Publisert: 

Sist oppdatert: